Gi ei gåve


Ønskjer du å gi til kyrkjas arbeid?


Bli med og bygg kyrkje i Hemsedal! 

Me har mange faste givarar, men treng fleire. Med bidraget ditt, gjer du det mogleg for oss å halda fram med eit høgt aktivitetsnivå og eit variert tilbod. Givartenesta er viktig, både det som blir gitt fast og det som blir gitt som enkeltgåver som kollekt, gåver og arv.

Ein stor del av arbeidet i Hemsedal kyrkje byggjer på frivillig innsats og innsamla midlar. Dette gjeld særleg barne- og ungdomsarbeid, diakoni/omsorgsarbeid, kyrkjemusikalsk arbeid og Kyrkjestugu. Givertjenesten er spesielt viktig for å opprettholde ungdomsarbeiderstillingen. Soknerådet har derfor vedtatt at minst 50% av det som kommer inn på givertjenesten går til denne stillinga.

Nytt deg gjerne også av moglegheita til å samtidig få frådrag i skattepliktig inntekt for pengegåver gitt til trus- og livssynssamfunn.

Givartenesta er namnet ein ofte bruker på dei faste gåvene, men ho omfattar alle pengegåver som blir gitt av privatpersonar og bedrifter. Den er ein viktig del av det økonomiske fundamentet til kyrkjelydane. “Alle monner dreg“, såg både store og små beløp og faste og enkeltgåver er viktige.

 

Hvordan gi?

Bli fast givar
Ved å bli fast givar bidreg du til føreseielegheit i arbeidet til kyrkja. Du vel sjølv kva beløp du vil gi og kor ofte du vil gi, med avtalegiro.
Klikk her for å registrera deg. Du kan velja autogiro eller vipps som betaling. Med autogiro kan du velja trekkdato sjølv, og med vipps startar avtalen når du signerer, så me tilrår å velja autogiro som er meir fleksibelt.

Gi gåve via Vipps
Søk opp vippsnummer 105608 og vel kategorien du ønskjer å gi gåve til.  
Klikk her for forklaring om du ønskjer skattefrådrag.  Du kan også gi en enkeltgåve ved å klikke her
 

Gi gåve via bankoverføring
Overfør ønskte beløp til konto 2320.17.26824. Merk med "gåve" eller annen ønskte tekst. Dersom du ønskjer at gåva skal gi skattefrådrag må du ta kontakt for å registrera fødselsnummeret ditt. 
 

Gi gåve via testamente
Dersom du ønskjer å inkludera kyrkjelyden i testamentet ditt er dette sjølvsagt mogleg. Ta kontakt med kyrkjeverja på kyrkjekontoret.

 

Gi minnegåve frå gravferd
Dersom du at minnegåve i samband med gravferd blir gitt til kyrkja blir det avtalt med gravferdsbyrået 

 

Skattefrådrag
Gåver til Den norske kyrkja gir rett til frådrag i inntekt før skatt. Dette blir gjort ved at du anten er fast givar, gir gåver via vipps og godkjenner for skattefrådrag eller gir gåve til bankkonto og informerer om personnummer. Gåva må gjennom inntektsåret vera på minst på kr 500 kr og maksbeløpet for skattefrådrag er 25 000,- , noko som betyr skattefrådrag opp til 7 000,-. Du kan sjølvsagt gi gåver som er større enn det, men det er ikkje skattefrådrag for det som overstig 25 000,-.

I januar rapporterer me inn til skatteetaten kor mykje du har gitt, og du får skattefrådraget automatisk rekna ut på likninga. Rapporteringa skjer elektronisk via Kyrkjerådet og opplysningane vil berre bli brukt av skattestyresmaktene for å berekna skatt. Skattefrådraget er på 28%. Meir informasjon finn du på www.skatteetaten.no.

Føresetnad for frådraget er at: 

  • givar har oppgitt namn, adresse og personnummer til mottakar 
  • gåva er eit pengebeløp
  • gåva utgjer minst 500 kroner totalt gjennom året
  • beløpet er rapportert elektronisk til Skattedirektoratet frå mottakar av gåva
     

Endring av avtale / "mi side"

Dersom du ønskjer å sjå kva som er registrert på deg eller ønskjer å endra beløpet du gir klikk her

 

Ta kontakt om du har spørsmål.