Aktivitetar i Hemsedal kyrkjelyd
I Hemsedal kyrkjelyd er det mange ulike aktivitetar gjennom året. Nokon er for barn, nokon for vaksne, nokon for heile familien og nokon for dei ulike fasane av livet.
Me har også godt samarbeid med Søndagsskolen, S-klubben og Hemsedan Normisjon, som også har aktivitetar gjennom året.
Aktivitetane kyrkja har, er i hovudsak gratis. Det kan vera nokre aktivitetar som har ei lita påmeldingsavgift, men det er det enkelt å søkja fritak for. Ta kontakt med oss om det er aktuelt.
Her vil du finna informasjon om dei aktivitetane me har, både faste og periodevise.
Dersom det er noko du ønskjer deg, høyrer me gjerne frå deg.