Hemsedal kyrkjelyd har en forbønsteneste, der mange frivillige i kyrkjelyden ber for eit av dei borna som vert døypt i Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell og som bur i Hemsedal.

Ordningen går ut på at den som seier «ja» til å vere med i forbønstenesta, får oppgjeve namnet på eit dåpsborn, og tar dette bornet med i sin forbøn.
Foreldre og fadrar forpliktar seg ved dåpen til å be for bornet sitt, og også kyrkja/kyrkjelyden forplikter seg til å be for alle borna som kyrkja døyper. Denne forpliktinga ynskjer vi ta på alvor.
Den i kyrkjelyden som er med i forbønstenesten og ber for et dåpsborn, skal ikke ta kontakt med bornet eller foreldrane, og foreldrane skal heller ikkje vite kvem det er som ber for deira born. I dåpssamtalen med presten vil foreldrene bli orientert om at kyrkjelyden har denne ordninga.
Vi oppfordrar alle som vil hjelpe oss med denne viktige tenesta i Guds rike, til å sende et «ja» til dei ansvarlige for forbønstenesta.
Forbønstenesta er underlagt tausheit. Det betyr at det ikkje er andre enn dei ansvarlege som vet kvem som er med i denne tenesta.
Ta kontakt med kyrkjekontoret om du ønskjer å bli forbedar eller har spørsmål om ordninga.