Velsigning av borgerlig inngått ekteskap


Velsigning av borgerlig inngått ekteskap


Har de gifta dykk i ein borgarleg samanheng, er det fint å kunna feira dette med ein eigen seremoni i kyrkjerommet. I eit vakkert rom, med stemningsfull musikk og tekstar som berører, gir de kvarandre løfte på nytt – og ekteskapet bede for og velsigna.

Har de gifta dykk borgarleg og ønskjer ein seremoni i kyrkja? I Den norske kyrkja finst det ein eigen slik seremoni. Den liknar på ei vanleg kyrkjeleg vigsling, bortsett frå sjølve ekteskapsinngåinga. Her gir de kvarandre løfte om å elska og æra kvarandre i gode og vonde dagar. 

Denne seremonien skjer etter ei borgarleg vigsling, og kan gjennomførast både rett i etterkant eller i lang tid etter. Alle par er velkomne til å ha ein slik seremoni.

De kan vera med å setja deira personlege preg på seremonien, og dersom de ønskjer kan venner eller familie bidra. Dette kan til dømes vera med lesing av bibeltekstar, musikkinnslag eller lystenning. 

Seremonien følgjer ein fast liturgi. Liturgien er ramma for seremonien, som mellom anna bestemmer rekkjefølgje, kva ord som blir sagde og med forslag til bibeltekstar og bønner. I Den norske kyrkja finst det to liturgiar, ein frå 2003 og ein frå 2017. Liturgien frå 2003 kan berre nyttast av ulikekjønna par, medan liturgien frå 2017 kan nyttast av alle.  
 

Her kan der lesa om dei ulike liturgiane. 

Tilbake