Bryllaupsmusikk


Bryllaupsmusikk


Salmar og musikk er ein viktig del av den kyrkjelege vigslinga, og er med på å setja ei vakker ramme rundt seremonien.

Me tilrår å i størst mogleg grad bruka levande musikk og ikkje digital avspeling. Dersom det skal nyttast digital avspeling, er det viktig at kyrkjetenaren får rett musikk tilsendt seinast 2 veker før vigslinga. 

Bryllupsmusikk

Salmar

Det syngjast som regel 2-4 salmar i ein vigsel, og det vert primært nytta songar frå salmeboka. Prest og organist kan vera behjelpelege med val av salmar (sjå salmeforslag).
Sjekk ut NRK Salme minutt for minutt for å høyre salmane. Sjå liste over ofte valde salmar lenger ned i denne artikkelen.
 

Inngangs- og utgangsmusikk

Inngangs- og utgangsmusikk avtaler de med organisten. 

 

Soloistinnslag / andre musikkinnslag

Ynkjer brudeparet eitt eller fleire solo- og/eller musikkinnslag må dette avtalast i samarbeid med prest og organist. Dersom det blir avtalt at organisten skal spela til soloinnslag er brudeparet ansvarlege for å kjøpa notar,  etter avtale med organisten. 

Det er høve til å stilla med solist og eigen musikar til eige, eigna musikkinnslag. Her er liste over lokale songare og musikare
Det er viktig at solistinnslag blir avklart med prest og organist, då det er reglar for kvar dette kan leggjast inn under liturgien.

Salmeforslag

320: Kongen av æra (melodi: Beethoven)
233: Kjærleik er kjelda til lyset
299: Store Gud me lovar deg. Land og hav
1: Herre Gud ditt dyre namn
288: Store Gud me lovar deg
281: Heilagt heilagt heilagt!
727: Lysets Gud, kjærleiks kjelde
440: Kom kom og høyr ordet til ei gleda
197: Deg vera ære
415: Alltid freidig når du går
489: Berre ein dag
409: I dine hender Fader blid
643: Du som vegen er og livet
651: Kjærleik frå Gud
646: Lean on me
342: Amazing grace
801: Morning has broken/No er det morgon
666: Å leva det er å elska
670: Til kjærleik Gud oss skapte
482: Deg å få skode
734: Guds kjærleik er som stranda
854: No stig vår song, takken vår til Gud
844: No livnar det i lundar
240: Måne og sol

Tilbake