Er det noko du lurar på når det gjeld dåp ? Sjå nokre av spørsmåla og svara her.

Kven kan bli døypt?
Alle kan bli døypte, ein kan døypast når som helst i livet.
Kva betyr det å vera fadder?
Under dåphandlinga seier presten at foreldre og fadrar skal vera vitne om at barnet er døypt og bidra til at barnet blir oppdrege i den kristne trua. Å ta med barnet til ein av dei mange barneaktivitetane til kyrkja er ein fin måte å gjera dette på, like så å be for barnet. Å vera fadder er for mange eit heidersoppdrag.
Kven kan vera fadder?
Alle som er over 15 år og anerkjenner kristen barnedåp kan vera fadder. Det er foreldre som bestemmer kven som skal vera fadrar. Det er vanlegast å velja blant familie og venner. Den som blir døypt må ha minst to fadrar. Foreldre kan ikkje vera fadrar.
Kva er ein dåpsamtale?
Når dåpsdagen nærmar seg vil presten eller ein annan i den lokale kyrkja di ta kontakt med deg/de for å avtala tid og stad for ein dåpsamtale. Av og til er det ein individuellsamtale, andre gonger er det ein gruppesamtale med fleire dåpforeldre. Dåpsamtalen handlar om kva dåpen er, kva som skjer på dåpsdagen og dei verdiane som følgjer i kvardagen. Du kan stilla alle spørsmål du har om dåp, tru og kyrkja.
Kva skjer i kyrkja under dåpen?
Dåpen er som regel tidleg i gudstenesta. Først blir det lese frå Bibelen om kvifor me døyper barna våre. Me les truvedkjenninga høgt saman og syng ein dåpssalme. Det hellast vatn i døypefonten, og presten ber ei bønn for det som skal skje. Dåpfamilien kjem fram til døypefonten, og ein i følgjet tek av dåpslua viss barnet har det. Presten spør den som ber barnet kva barnet heiter. Så «teiknar» presten eit kors over barnet, før han eller ho auser tre handfuller med vatn over hovudet til barnet og seier: «Eg døyper deg til Faderens, Sønnens og Den heilage andes namn». Eit dåplys blir tent, som familien får med seg heim. Mange stader blir barnet løfta opp og presentert for kyrkjelyden som blir beden om å ta godt imot den døypte. Dåphandlinga blir avslutta med at presten oppmodar foreldre og fadrar til å be for barnet, læra det sjølv å be og bruka Bibelen og nattverden.
Kven kan bera barnet?
Det er vanleg at ein av foreldra eller ein av fadrane ber barnet til dåpen. Dette er valfritt, ein annan kan også gjerne bera barnet, til dømes bestemor eller bestefar.
Kva er ei gudmor/gudfar?
Mange bruker tittelen gudmor/gudfar på den som ber barnet i dåpsseremonien. Forelder bestemmer sjølv om dei vil bruka denne tittelen. Kven som er gudmor eller gudfar blir ikkje registrert i det kyrkjelege registeret.
Kva har ein på seg i dåpen?
Det er ingen reglar for kva foreldra og fadrane skal ha på seg. Det er vanleg at ein stiller fint kledd for høvet. Barnet har som oftast dåpskjole og dåpslue, det er heilt valfritt.
Må ein ha dåpfest?
Noko av det fine med dåpfesten er at det ikkje finst nokon reglar for korleis denne skal arrangerast. Det er opp til foreldra til barnet om dei vil ha ein fest og korleis han skal vera. I mange familiar er dåpsdagen eit flott høve til å samla slekt og venner til fest for å feira barnet.
Ta gjerne kontakt om de har andre spørsmål.