Kva er konfirmasjon?
Ordet konfirmasjon kan tyde både «å stadfeste» og «å gjere sterk». Eit høgdepunkt i konfirmasjonsgudstenesta er når det vert bede ei bøn for deg. I bøna ber vi Gud om å velsigne deg og å styrke deg på vegen din vidare i livet. Det viktigaste med konfirmasjonstida er å vere ein del av eit fellesskap og bli betre kjent med den kristne trua.
I løype av konfirmasjonstida skal saman utforske ulike temaer:
Kvar kjem eg frå?
Kva skal eg bruke livet til?
Vennskap og menneskeverd.
Sorg og glede.
Kjærleik, seksualitet og samliv.
Klima, miljø og rettferd.
Finst Gud?
Kven er Jesus?
Korleis kan eg vere noko for andre?
KONFIRMANTSAMLING
Konfirmantida varar frå september til mai. Vi samlast ca. ein til to tysdagar i månaden. I tillegg kjem andre arrangement og gudstenesta. Samlingane vil vera i kyrkja, på kyrkjestugu eller ute.
KONFIRMANTWEEKEND
Ved sida av samlingane reiser vi òg på HEKTA konfirmantweekend i febraur i Håkons Hall på Lillehammer. I tre dagar vil det myldre av liv når over 1000 ungdommar møtast til leik, spennande aktiviteter, heftig sceneshow og fellesskap. Dette blir garantert ein oppleving du vil leve lenge på!
KONFIRMANTFESTIVAL
I november, på skolens planleggingsdag, blir det konfirmantfestival med alle konfirmantane i Hallingdal. Det blir leik og konkurransar, ulike workshops, mat og gudsteneste. Her kan du treffe kjentfolk og få deg nye vennar! Vi gleder oss til ein fantastisk dag saman!
KONFIRMASJONSDAGEN
Selve konfirmasjonsdagen er ein festdag for deg, familien og kyrkjelyden. Den markerar avslutninga på ein spennande tid, der du har vore samen med andre for å snakke, lytte og lære, skape og erfare. I Den norske kyrkja er konfirmasjonen ein forbønnshandling der du vert bedt for. Konfirmasjonsgudstenesta er høgtideleg, og alle konfirmantene kneler ved alterringen og presten ber for deg. Du treng ikkje sei noko eller bestå noko prøve den dagen. Konfirmasjon er ingen prestasjon der du må bevis noko. På konfirmasjondagen bekrefter vi døpens løfte - du er elska og skapt i Guds bilete, og Gud ynskjer fellesskap med deg.