Avtale om vigsel
Det fyrste de må gjera, er å ta kontakt med kyrkjekontoret for å avtale tidspunkt for vielse.
Det er stor pågang med vigslar i Hemsedal og det er difor viktig å ta kontakt med kyrkjekontoret så tidleg som mogeleg dersom de ynskjer ein spesiell dato.
Kyrkjene:
I Hemsedal har me ei stor kyrkje og eit mindre kapell tilgjengeleg for vigsel; Hemsedal kyrkje og Lykkja kapell. I tillegg kan stavkyrkjetomta brukast. Klikk her for å lese om kyrkjene.
Andre vigselsstader
Frå tid til anna er det førespurnad om vigsel på Huso fjellgard, Fausko gjestegard, Fyri og Skarsnuten hotell.
Ved leige av anna vigselsstad er det viktig at de på førehand har inngått avtale med kyrkjekontoret om vigsel den aktuelle datoen. Dersom annan prest skal vere vigselar må de melde frå til den lokale presten i god tid.