Det er i dag folkeregisteret som legg vilkåra for ekteskap, ikkje presten. Derfor er det viktig å skaffa prøvingsattest frå folkeregisteret i god tid! Disse papiraene MÅ ha vært sendt inn for at vigselen kan finne sted.
VIGSELSPAPIRAR
Før de giftar dykk, må Skatteetaten undersøkja om de oppfyller vilkåra for å inngå ekteskap. Dette blir kalla prøving av ekteskapsvilkår, og må gjerast for at kyrkja kan gjennomføra vigslinga. De kan søkja om prøvingsattest på Skatteetatens nettsider.
Kryss ”nei” på om prøvingsattesten skal sendast til vigslaren. De vil då få prøvingsattesten tilsendt og denne sendes til kyrkjekontoret: thorunn.haugo@gol.kommune.no
Behandlingstida på dette er vanlegvis kort, men det er vanleg å gjera dette nokon månader før vigslinga. Ein prøvingsattest er berre er gyldig i fire månader, fordi opplysningane de oppgir må vera ferske.
De må også be forlovarar om å fylla ut forloveerklæring på Skatteetatens nettsider.
Når saka er ferdig behandla, får de melding om å logga dykk inn i Altinn for å lasta ned prøvingsattesten som stadfestar at de kan gifta dykk. Denne prøvingsattesten må så sendast vidare til ein prest, anten via e-post eller å ta utskrift som de tek med.
Har ein av dykk vore gift før, vil det i nokre tilfelle vera behov for å leggja ved ei erklæring om dette. Ønskjer de å endra namn, er det eit eige skjema for dette.
Ta kontakt med Thorunn på kyrkjekontoret om de har spørsmål.