Vigselsliturgi
Den norske kyrkja har to liturgiar til bruk ved vigsel.
Liturgien frå 2017 kan brukast av både likekjønna og ulikekjønna par, medan liturgien frå 2003 framleis kan brukast av par med ulikt kjønn.
Det er presten som veljer liturgien som brukast under vigselen. Dersom eit par har eit bestemt ynskje om liturgi, meldast dette til kyrkjekontoret innan 2 veker etter bestilling av vigselen.
Her finn du: Liturgien 2017
Her finn du: Liturgien 2003
Samtale med prest
Presten vil ta kontakt 1-2 veker før bryllaupet. Ekteskapet og den føreståanden vigsla er sentrale tema i samtalte. Like eins snakkar me om dei praktiske tingane rundt vigselssermonien.
Pynting
Kontakt kyrkjetenar i god tid for å avtala tid til pynting av kyrkja/kapellet.
Det er også mogleg å avtala besøk i kyrkja, noko som blir avtalt med kyrkjetenaren.
Konfetti etc
Vi ønsker ikke konfetti / ris hverken inni eller utenfor våre kirker.
Alternativt anbefaler vi såpebobler eller roseblader.
Program
Brudeparet må sjølv ordna program for gjestane i kyrkja.
Dersom ein ikkje ynskjer program har kyrkja salmebøker ein kan bruka.
Her er eit døme på innhald i programmet:
- Inngangsmusikk
- Inngangsord
- Salme (fellessong nr. 1 - her set dei inn teksten på den salma dei vel)
- Skriftlesing
- Salme eller solo/musikkinnslag (mange vel eit solo/musikkinnslag her)
- Tale
- Ekteskapsinngåing
- Forbøn Vår Far
Vår Far i himmelen!
Lat namnet ditt helgast
Lat riket dtt koma
Lat viljen din råda på jorda slik som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød,
og tilgjev oss vår skuld, slik me òg tilgjev våre skuldnarar.
Og lat oss ikkje koma i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt og makta og æra i all æve.
Amen
- Salme (fellessong nr. 2 - her set dei inn teksten på den salma dei vel)
- Solo/musikkinnslag (kan gå ut)
- Velsigning
- Utgangsmusikk
Meir om vigsel kan du finna på Den Norske kyrkja si nettside