Ønskjer du invitasjonar og informasjon om aktivitetar for born og unge?


Ønskjer du invitasjonar og informasjon om aktivitetar for born og unge?


For foreldre til barn som ikkje er medlem i den norske kyrkja, som vil at barna skal få invitasjon til aktivitetane i kyrkja.

 

Ønskjer du å få invitasjonar og informasjon om aktivitetar for barn og unge?

Hemsedal kyrkje ønskjer å tilby aktivitetar som er spennande og som kan gi kjennskap til kristen tru og tradisjon, gjennom leik, bibelforteljing, song og musikk, bøn, konkurransar og mykje anna. Dette er ein del av kyrkja si trusopplæring.

Kyrkja tilbyr varierte aktivitetar for alle i alderen 0 til 18 år og aktivitetane våre er opne for alle som ønsker å delta, uavhengig av medlemskap i kyrkja eller livssyn.

Vi sender automatisk ut invitasjonar til trusopplæring til alle som er medlem av kyrkja. Dåp gir automatisk medlemskap i den norske kyrkja.
Dei som ikkje er medlem får ikkje automtatisk invitasjon frå oss - men det er ikkje fordi vi ikkje vil ha dei med!
 

No er det enkelt for føresette til born som ikkje er medlem, å registrere seg som «trusopplæringsabonnentar». På denne måten får desse tilsendt same invitasjonar og informasjon som dei døypte i same aldersgruppe får (t.d. 4-årssamling, førsteklasses eller lys&liv-festival). Det er føresette som registrerer seg som trosopplæringsabonnent for sitt barn og får invitasjon. 

 

For å registrere barn – logg inn på kirken.no/minside. Dette er ei sikker innlogging med bankID.
Du kan logge inn uavhengig av om du er medlem i den norske kyrkja eller ikkje.


Om du treng hjelp – ta kontakt med Britt Marie på kyrkjekontoret.

Tilbake