Misjonsforeningar


Misjonsforeningar


Misjonsforeiningane har gjennom generasjonar vore ein viktig del av kyrkje- og bygdelivet i Hemsedal.

I mange heimar har kvinner samlast til andakt, samtale, handarbeid og misjonsengasjement. Desse samlingane – ofte kalla kvinneforeiningar – har både skapt fellesskap og samla inn midlar til kyrkjeleg arbeid og misjon, lokalt og ute i verda.

Nokre av foreiningane i bygda har svært lange tradisjonar. Tuv kvinneforeining har til dømes røter tilbake om lag hundre år, og er eit vitnemål om eit sterkt engasjement gjennom mange generasjonar. Også i andre delar av bygda har slike foreiningar vore viktige møteplassar.Tuv kvinneforening vart stifta i 1924. 

Her kan du lesa reportasje frå 100-års feiringa til Tuv kvinneforeining i 2024. 

Sørbygde misjonsforening er slege saman over år av Ålrust (stifta i 1933), Thorset (stifta 1930), Løken (stifta 1929) og Grøthe og Jordheim (stifta 1954). Sørbygde fekk namnet sitt i 2014.


Kontaktinfo:

Sørbygde misjonsforening: Einar Thorset er leder.
Kontaktperson er Sebjørg Marie Jordheim, tlf 996 04 559
Dei møtest ca kvar 2.tysdag i månaden på bedehuset på Ulsåk.

Tuv kvinneforening: Gerd Hustad, tlf 957 95 713
Dei møtest ein torsdag i månaden på Tuv grendahus

 

Tilbake